Blog Image

Meninger mot strømmen

Klippe, klippe.....

Ikke akkurat det alle andre mener.

Truging

Helse og sånn Posted on Mon, December 14, 2009 22:23:15

Vi som har firbeinte, personlege trenarar lyt truge
oss ut på tur kvar dag. Og det er ikkje alltid like lystbetont, når snøen lavar
ned og mørkret kjem krypande alt klokka halv fire.

Heldigvis finst det lysløyper mange stader, men sjølv
likar eg best å gå skitur når det er sol og silkeføre. Og ettersom det er både
skummelt og farleg å traske etter vegen i mørkret, har eg skaffa meg hovudlykt
og trugar.

Trugane fekk eg kjøpt hjå ei tidlegare langrennsstjerne som driv
sportsbutikk her i dalen. Ho var svært entusiastisk då eg gjekk innom for å høyre
kva modellar som fanst. Og før eg visste ordet av det var eg trugeeigar.

Fyrste turen var blytung og vakker. Det var masse snø,
kritkvit og djup. Den personlege trenaren, som vanlegvis spring føre meg i skogen,
heldt seg pent bak. Det var som ho ville at eg skulle få litt ekstra pes der eg
baksa meg fram i laussnøen. Vi gjekk ikkje så langt, men vi gjekk til ein stad
eg aldri ville ha gått på ski. Meir enn 200 høgdemeter fordelt på snaue to
kilometer, kort sagt bratt oppover.

Vi gjekk til ein topp i nærmiljøet, Løkjishøvda, for å
skrive namnet i boka som grendelaget har lagt i ei kasse på toppen. Det er godt
å ha eit mål når ein fyrst har fått truga seg ut, då er det ikkje fullt så lett
å gje opp og snu.

Nedstiginga gjekk veldig lett, eg flaut i mine eigne
spor. No sprang trenaren framfor meg, for å undersøke ferske spor etter hare og
elg. Trea hang tunge over stigen, og det glitra i snøen. Vel heime igjen var vi
blitt like entusiastiske som ho som selde trugane.

Her kjem difor eit godt råd til alle som lyt truge seg
til å gjennomføre nyårsforsetta om meir mosjon og frisk luft. Sett trugar øvst på ønskjelista i år smiley



Ønskeliste fra meg selv til meg selv

Life, the Universe and Every.. Posted on Mon, December 14, 2009 22:13:52

Jeg ønsker at jeg gir meg selv det som gir meg overskudd.

At jeg har vilje og evne til å gjennomføre alt jeg gjerne
vil gjøre.

Det som gir meg påfyll av energi:

• Morgenyoga med solhilsen

• Frisk luft og dagslys hver dag

• Små og store naturopplevelser

• Gode samtaler

• Lese gode blogginnlegg, og forhåpentlig skrive noen selv

• Tid til å gjøre ingenting

Det ønsker jeg meg.

Hilsen Kirsten